lørdag 28. november 2015

Rak



eg er ikkje som deg

vi er så ulike
i alt vi gjer;
ulik fortid, ulike mål
forskjellige tankar
om det vi møter og det vi er

for du er ikkje som meg

vi er to ulike samansetningar
av atom og molekyl
og håp og draumar –
rake motsetningar
vil nokon seie…

men skulle det bety
at vi ikkje kunne vere her
tosame, med rake ryggar
og trygge smil – hos kvarandre?




før stormen
og etter stormen
ser du meg stå her rak,
strekkjer meg mot lyset

i stormen
bøyer eg ryggen;
ikkje for å gje etter
eller innrømme tap,
men for å samle meg
verne det skjøre livet

ikkje knekke ryggen
i min eigen stolthet





her stod dei
rake, urørlege
då Røde Khmer sette
sine blodraude spor på kartet

her stod dei
upåverkelege
då tusen kurdarar falt
i ei sky av gass

her stod dei
som tause bautaar
då ti tusen kvinner
mista æra i Kongo sin jungel

her stod dei
usårlege, tankelause
då ein million barn
døydde av to slag tørste

og eg tenkjer –
det er noko gjennomgripande trist
i dette å aldri bøye ryggen
for noko



4 kommentarer:

  1. Vackra bilder och bra skrivet
    Ha en fin Advent
    Kram Meta

    SvarSlett
  2. Bra bilder och fin text därtill!
    Trevlig helg!

    SvarSlett
  3. Fina bilder och som vanligt en tänkvärt dikt!

    SvarSlett