fredag 27. november 2015

Inn i livet



nye portar vert opna i auga dine,
ein veg gjennom landskap
i mitt eige, skjelvande hjarte;
noko stengt som no faldar seg ut

det er noko som strøymer
i blodet, ein motstraum
der svarte tankar riv meg med
inn i tåka, inn i regnfulle dagar

dette er noko anna, ein impuls
via hand i hand, auge mot auge
steg i same retning:
inn i livet, inn i det som held

det er som to halve kart haldne saman;
vegen vert tydeleg berre her
kor hjarteslaga dine kan kjennast
som ei skjelving mot mi eiga hud


14 kommentarer:

  1. Interesting photo walking and riding through life.

    SvarSlett
  2. NYDELIGE ord,- bli helt rørt til tårer, jeg !
    God helg:)

    SvarSlett
  3. Cars, motorbikes, and people...all different way of moving about a city. I like how you caught the feet of the people in the air. That is really neat. This is a fine monochrome shot.

    SvarSlett
  4. Utrolig flott bilde og ord.

    Ønsker deg en fin helg.

    Vivis fotoblogg

    SvarSlett
  5. Hi,
    Love black and white photos.
    Have a great day!

    SvarSlett