fredag 23. oktober 2015

Svana



du er svana
på mitt opprørte hav

alltid flytande, i regn
i snø og storm;
alltid glidande
gjennom dei stille dagane

ser eg deg, eit haldepunkt
langs vegen eg må gå

det einaste konstant vakre
i mi skiftande verd


9 kommentarer: