søndag 18. oktober 2015

Eg tenkjer det er deg



regnet som fell så lett
små dråpar i handa,
ein refleksjon av ei verd
eg ikkje kjenner

eg tenkjer det er deg eg høyrer
så eg lyfter blikket,
let det vandre over engene
men endå er dei tomme

snart vil dråpane fryse til is
og luftstraumane ta med seg skyer
frå andre verdshjørne;
men eg vil halde blikket lyfta


4 kommentarer:

  1. What a lovely scene... Dreaming to see fairies.

    SvarSlett
  2. Vackert med älvadans för bilderna blir naturligt mjuka och det gillar jag.

    SvarSlett
  3. Jeg kan vældig godt li´dit billede og dine ord.
    Fra Laila

    SvarSlett