lørdag 12. september 2015

Oppover



1
vende blikket bort
frå det rotnande lauvet,
nedtrakka restar
etter liv som kom og var
og reiste att

vende blikket oppover
dit lauvet ein gong var
sommaren blafrande i vinden,
vende det mot håpet og vente
på nytt liv




2
symboltyngda mot bakken,
det lette svevet i høgda

eit merke langs grensa
mellom mitt og ditt

eit stengsel
eller eit velkommenskilt –

i mitt flagg står korset
som eit nåderop mot verda:

her er livd, her er vern
her er opa dør – for deg
som har tungt å bere




3
krafta går viljelaust i metallet
dytta av garde av krefter
langt bortanfor rekkevidda
til det einskilde elektronet

framover, framover,
det er som eit syngande rop
der straum dyttar straum
i ei endelaus rekke

men det er ikkje tilfeldige straumar,
det er ein start og ein stopp
og alt mellom –
skjer i bestemte mønster

styrt av dette store, bortanfor
eitkvart omgrep, ei kvar forklaring;
så er det då altså ei meining
om enn skjult, om enn umogleg å forstå –



(Fototriss)

7 kommentarer:

  1. Lika vackra bilder som alltid

    SvarSlett
  2. Vackra Bilder med passande reflekterande text !
    Tack för att du visar och skriver
    Sanna

    SvarSlett
  3. Vackert, både text och bilder!

    SvarSlett
  4. Kiggede lige med her og lidt tilbage. Som altid: Så berørt af dine ord og flotte billeder. De får mig til at rejse langt væk og ind i naturen. Til et sted jeg synes, jeg har været før.
    Tak:)
    Forsat god blogge lyst til dig:)
    Fra Laila

    SvarSlett
  5. Snygga bilder där den första blir min klara favorit!

    Ha en skön söndag!

    SvarSlett