onsdag 9. september 2015

Grensekryssar



om eg ein gong måtte krysse ei av dei mange slettene her på kloden 
på flukt frå døden 
gjennom ukjent terreng
i stadig frykt for morgondagen
i stadig frykt for kva som no vil skje
med borna mine, med kona mi, med framtida mi -

om eg ein gong skulle vere ein framand i andre sitt land
med lengslar som strekk seg attende
til tryggare dagar
i min eigen heim
og ei kjensle av undergang - at noko er over
for alltid

ja, om det ein gong skulle vere meg du ser der så langt heimanfrå
av grunnar eg ikkje sjølv har skapt,
i flukt på tvers av alle mine draumar
med ei bøn om eit hus å kunne gå inn i
setje meg ned i 
sove i
leve i

berre vere i

så håpar eg du ser lenger enn til ansiktet mitt
hendene mine, kleda mine, trua mi
håpar du ser lenger inn
enn til auga mine (som faktisk er heilt lik dine)
og lenger inn enn orda mine
som du ikkje forstår

kanskje heilt inn til mitt bankande menneskehjarte,
inn dit sjela kryp saman
i søken etter eit verdig liv,
respekt for den skapningen eg er

så langt inn at du ser
eg er eit menneske
som deg

og at du aldri, aldri, aldri
spenner beina under meg



(kommentar til denne reportasjen: http://www.nrk.no/verden/tv-reporter-mistet-jobben-etter-a-ha-sparket-og-spent-bein-pa-flyktninger-1.12542634)


3 kommentarer: