fredag 11. september 2015

Der er eit mørke


1
der er eit mørke
i våre hjarte

den type natt
som brenn sjela til grunnen

og øydelegg reisverket
i vårt menneskelege eg

2
der er eit mørke
i våre auge

ein kneisande mur
som veks på vonde ord

og stengjer oss inne
i vårt eige villniss

3
der er eit mørke
på vår tunge

den type piggtråd
som riv djupare enn kjøtt og blod

og kuttar hovudet av alle blomar
som før stod her stille i vinden

4
der er eit mørke
i våre hender

ein type fengsel
som ikkje har vindauge eller dør

og grev ei vollgrav mellom menneske
som elles var meint til å elske


der er eit mørke
i hjarte og auge og ord

berre kjærleik kan leie oss gjennom


(Weekend in b&w)

11 kommentarer:

  1. What a moody scene.

    Visiting from BLACK AND WHITE WEEKEND.

    FRANKLY MY DEAR

    SvarSlett
  2. Sterke ord som jeg måtte lese både en og to ganger! Bildet står godt alene, men passer også meget godt til teksten!
    :)

    SvarSlett
  3. Very nice! Dark clouds over the mountains.
    Visiting from The weekend in B&W, Hilde
    http://stapjesonderweg.blogspot.be/2015/09/white-city-in-alpujarra.html

    SvarSlett