tirsdag 12. mai 2015

Ut av skogen



skogen opnar seg
som mørke dører
vert slegne opp
og inn strøymer lyset
frå ei anna verd

så er det dit ut
vi skal,
der alle skuggar er borte
og lyset er openberra,
ikkje lenger eit fjernt håp
eller draum i mørklagt skogsly

eit landskap bortanfor skogen
der den opnar seg
og dei mørke dørene glir att
etter oss


3 kommentarer: