tirsdag 5. mai 2015

Ti tusen



ti tusen tause ansikt
ser meg sløve i sofaen
etter arbeidsdagen
og middag med familien,
150 varme kvadratmeter
for fem, og trygge senger
trygge jobbar
trygge gleder, trygge sorger

ti tusen tause ansikt
stirrar tilbake på meg
frå spegelen
- me kunne vore deg
du kunne vore oss,
våre ansikt
er også ditt

me kunne delt denne dagen
knust alle tause skuggar
fylt dei med blod og liv
og glede


3 kommentarer:

  1. Flott skrive !
    Kunne tenkt meg å dele innlegget ditt på facebook.
    Er det ok tru ?

    Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Takk! Og det er berre hyggeleg om du deler vidare!

    SvarSlett