tirsdag 5. mai 2015

Over, over



denne fjorden er så djup,
spreier eit lag av realisme
over mine flyktige draumar –

først må du over,
først må du setje beina
i framand jord
og skrelle av deg alle orda
lag for lag
til kjernen av deg sjølv står tilbake
naken og redd
og aleine;

kjenne vindane ville rive deg med
kjenne straumane føre deg av garde
mot kystar du ikkje kjenner

og heile tida er du over denne fjorden
så djup, så taus
og reell


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar