lørdag 16. mai 2015

Inn i natta



1
vegane ligg tause i natta,
minnes alle stega
og dei rullande hjula
på sine reiser gjennom verda

vegane ligg tause, søv
under tyngda av vårnatta
og strekk sine seige molekyl,
pustar ut etter enda verk




2
i skuggen av natta
står du her, speidar utover
eit landskap du har lært å kjenne
for første gong

du er så ny i verda,
så uerfaren med alt dette store
som berre vidar seg ut
og vert endå større

blikket ditt vandrar
gjennom hagen, ut på vegen
den ventande stien
til eit stort og mystisk liv





3
så fell månen over fjorden,
vaskar ut dei gamle tankane

bleikar lerretet,
gjer det klart for nye dagar




(Fototriss)

2 kommentarer:

  1. Halloj!
    Fin tolkning på dagens tema och gillar bild nummer två :O)

    SvarSlett
  2. En mycket genomtänkt och tjusig triss.

    SvarSlett