fredag 8. mai 2015

Fridomen kallar



på rekke står
tause kvinner og menn
frå tilbakelagte distansar,
der visarane passerte
og let etter seg eit spor
- men ikkje meir -
på urskiva

dei står her, tause
og ser inn i den nye tida
der visarane endå
er dynamisk metall
og dei ser, dei liknar
deira statiske klokker
under ferdigtrødd mold

for det som skjedde då
skjer endå i verda
og det dei kjente
hadde andre kjent før,
og lengten dei bar på
er endå ikkje forløyst
frå gråe berg
eller bølgjande hav

så står dei her på rekke
som vitne langs vegen eg går,
teier, endå orda er klare,
stumme – men talande enn,
for fridomslengten blafrar i auga
og speglar min eigen lengt
og lengten til millionar
endå i rørsle

dei ber meg å tale
dei byr meg å rope, eit rop
dei har bore som ei bør
gjennom lange vintrar,
under blømande vårblomars
sitrande røter:
høyr fridomen kallar,
gjev dei lengtande svar
medan endå du går gjennom tida!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar