torsdag 14. mai 2015

Det er (den andre) draumen



eg drøymde så fælt
her ei natt;

at verda var blodraud
og skogen var svart

at gutar gjekk i døden
på grunn av ei løgn

om born, ikledd filler
og vassblanke kinn under auga

om mødre og koner
som ikkje var det lenger

og om menn i dress
bak kvar sine høge pengestablar –

eg klaup meg armen,
skreik opp i smerte

men bildet eg såg
stod uendra enn


1 kommentar:

  1. Sterkt bilde!
    Ein klare ikkje ta inn over seg heile verda si naud. ..
    Men den er der!

    SvarSlett