torsdag 9. april 2015

To


så ulik utsikt
ein stille morgon
for desse auga -

ein som sit på svaberget
i sitt frie land,
ser ut over holmar og skjær

ein som står fremst i baugen
på eit krigsskip,
plogande gjennom framand vatn;

så kan det hende dei ser kvarandre,
desse to
med kvar sine perspektiv -

ein som snart skal miste
ein som snart skal ta

og mellom dei begge
går bølgjene på fjorden,
som gjennom tusenåra før



2 kommentarer: