søndag 26. april 2015

Til kort



å desse orda mine
kor dei sviktar,
kor dei er eit svik
mot tankane, kjenslene
alt eg er
i ei fargestrålande verd
der eit augekast
eller tause ryggar
seier så mykje meir
og så mykje meir presist
det tunga prøver å formulere

kunne det berre finnast ord
med smak og farge og substans,
som kunne kastast gjennom lufta
like lett som desse lydbølgjene

ord som kunne gi heilare bilete,
meir fullstendige visjonar
og ei oppleving
av kva eg verkeleg ynskte å seie –


1 kommentar:

  1. Å KOMMUNISERE ER IKKJE ALLTID SÅ LETT..

    MEN SYNS DU ER DYKTIG TIL Å ORDLEGGE DEG :-)

    SvarSlett