tirsdag 21. april 2015

Plante for i morgon



så er det dagen
som rista sine frø
over stien –

det lysnar snart etter natta
og eg høyrer songen
frå dei som går etter
og vatnar dei første spirene
så ømt, så håpefullt

og eg høyrer latteren
til dei som dansar
i sine lette sommarsko
under blømande frukttre
og veit –
det er no først det startar

for etter dei
kjem dei litt tyngre stega
- men fortsatt glade -
til dei som ber korgene
og plukkar med seg frukta,
ber den heim til sine born
og kjærestar og håp
og et samla rundt bordet

alt dette kan eg høyre
her eg går
og klappar jord over frøa;
ber ei stille bøn
om at ingen marsjerande hærar
må krysse stien –


2 kommentarer:

  1. Så vakkert dikt å møte morgenen med. Tusen takk!

    SvarSlett
  2. Hvor er det smukt fortalt!:)

    SvarSlett