fredag 3. april 2015

Pasjon #7



det er tause skyer
over rettarstaden,
inga kviskring kan høyrast
frå blomar og gras,
suset i trea er stilna
og alle munnar lukka

for alt vert stille
i det sjølve livskjelda
andar ut og svinn som vatn under sola,
og sjølve skaparen
av skyer, gras og tre
trekk siste pusten
og ikkje meir -

det er tause stjerner
over rettarstaden,
universet skjelv
i eit altomfattande kuldegys
og kjenner vekta
av si skuld

kvilande på ytterkanten
av ei undring,
ei visse om endring
at noko større, noko ukjent
må hende
for ingen kan overvinne
sjølve skaparen -


5 kommentarer:

  1. Flott bidrag!
    God påske til deg!
    Her er mitt bidrag: https://hanshb.wordpress.com/

    SvarSlett
  2. Moody shot, nicely done.

    Visiting from BLACK AND WHITE WEEKEND.

    FRANKLY MY DEAR

    SvarSlett