onsdag 1. april 2015

Pasjon #5



dropar av raudt langs vegen
eit minne om liv som var -

som bokstavar, hulter til bulter,
som notar på ukjente ark;

forteljinga veks lik blomar
med røter i nær og varm jord



1 kommentar: