onsdag 15. april 2015

Ekspresjon



så bur det eit hjarte
i jorddjupet,
bankar sine gudgitte impulsar
gjennom røter og kvistar

snur notearket
og spelar den gamle melodien
frå starten av - endå ein gong
med sine kryss og halvnotar
i nyansar av si eiga historie

gir uttrykk for noko basalt,
noko som er nedlagt
frå tida si morgon,
då Herren kviskra det første frøet og sa:
bli vår
og fyll jorda
med glede


4 kommentarer:

  1. Halloj!
    Så fint skrivet och vilken vacker bild gillar det ljust gröna & ljuset i det :O)

    SvarSlett
  2. Wonderful capture for WatW .... It's springtime in your fantastic picture.
    Cheers, Heidrun

    SvarSlett