søndag 19. april 2015

Drøyme på ny



noko sokk i meg –
ei visse
om noko ugjenkalleleg

noko som forsvann
i djupet, drege ned
av si eiga tyngd;

for kva er vel vekta
til ein draum
eller eit håp

anna enn sjansen
for å miste,
måtte sjå det søkke

og det motsette,
flyte gjennom dagane
på skylette substansar –

i dag vart den borte,
i morgon står det opp att
ein ny, fjørlett draum ifrå oska

4 kommentarer:

  1. Nydeleg bilete både gjennom ord og bilete.
    Takk!

    SvarSlett
  2. What a great color combination of red and yellow!

    SvarSlett
  3. We call them primroses or cowslips. I love them because they are the beginning of spring. They do not grow outdoors here because it's too cold. I pick them up at the market and put a cup of them next to my bed.

    SvarSlett
  4. Precious are the blossoms! Very pretty.

    SvarSlett