torsdag 23. april 2015

Boka som ventar



den lågmælte mumlinga
frå ventande bøker
trengjer gjennom alle veggar,
bryt ned alle dører
og stengslar,
finn sin veg i tomme gongar
og overfylte hallar

sjølv i stormfulle netter
med tore og regn
bankande mot vindauge
og brusteinskledde gater
trengjer mumlinga gjennom;
ei lokking frå ord på geledd –
kom, fri oss ut frå vårt stengsel

lat oss fly i det opne rommet,
finne vår plass i historia
der vi kan snirkle våre eigne vegar
gjennom hjernevinningar
og tidlegare minne

slik fyller den lågmælte mumlinga
øyrene, hovudet, kroppen
med sine vink og lyse løfter:
ein rikdom, ein skatt
som snart vil bli min –



(Bøkene på bildet utgjer "ventehylla" mi akkurat no. Mykje godt i vente!)

1 kommentar:

  1. Så flott innlegg på bokens dag.
    Ha en god lesedag.
    Mormor

    http://www.starbear.no/mormor/2015/04/23/fra-fro-til/

    SvarSlett