fredag 13. mars 2015

Fragment



det er fordi du kuttar det opp
deler alt inn i passe porsjonar

til verda ligg i bitar, fordelt
og sortert i einskildfragment,

og du set deg ned bak dine stengte dører,
ser verda gjennom eit kvadrat

alt dette er skuffene dine, så ryddige –
ditt eige surrogat for kjærleik



(Fredagstema)

14 kommentarer: