mandag 16. mars 2015

Eit forbetra liv



det begynte med misnøye,
ei litt murrande kjensle
av framandgjering i eigen kropp
- det var øyrene, dei var for store
så han bytte dei ut
- han hadde ein god ven
som kunne slikt, og gjorde det
mot betaling, sjølvsagt

så var det hendene, for tynne, for lange
eit nytt besøk
nye rundar med skjema på skjema
og til slutt kunne han vinke, fornøgd
ut vindauget i taxien som køyrde han
heim att

deretter gjekk det slag i slag,
etter at han hadde oppdaga
kor lett det var:
nye lepper, nye kne, nye føter
utbetra navle, sterkare skuldre
freshare hår, kortare tarmar,
betre lever, større lunger,
friskare hjarte, blåare auge

til slutt såg han i spegelen
over vasken i det nye huset
og kjente seg ikkje heilt vel –
tenkte det var hovudet
det var noko gale med
og fekk seg ny, betre hjerne
under ny frisyre

morgonen etter kasta han alle
fotoalbum, bilde og minner
i søpla,
dei var det siste som for;
han kjente ikkje att livet sitt lenger –

1 kommentar: