lørdag 14. mars 2015

Ein pendel susar forbi



1
det vi legg bak oss
som miner, ei spikermatte
for tankane;
du kan ikkje lenger nå det,
berre stirre med store auge
på alle vala du ein gong tok
og kor dei har ført deg –



2
her er vi no
midt mellom to ytterpunkt,
ein stad på den store brua
mellom det som har vore
og det vi ventar –

den store pendelen
sveipar sine slag
over brua,
dyttar oss eit lite steg vidare
kvar gong den susar forbi





3
der ute ligg det,
vårt fata morgana
frå urolege netter
under uendelege stjernevrimlar

der, ute i det ukjente
ventar draumane, syna
som hildringar
like utanfor synsranda

og det som møter oss
er alltid ulikt våre tankar,
er alltid eit anna eventyrland
enn det vi venta

like fullt er det vårt,
nett som draumen du bar i går
er den du vandrar i no
og må gripe – til fulle – akkurat der du er





(Fototriss)

7 kommentarer: