søndag 15. mars 2015

Det syng




det syng
som det aldri har sunge før
gjennom lauvtomme underskogar,
der dei tuslande vintervindane
villa seg vekk
ein seinvinterkveld –

no syng det
ein song for det usynlege,
det som så lenge har vore gøymt
i venting, i lengting
mot denne tida, denne dagen
og no syng det
under vårsola –

3 kommentarer:

  1. Hei
    Endelig er det vår, og slike vårtegn som titter frem. Herlig tid vi har foran oss nå.

    Vivis fotoblogg

    SvarSlett
  2. Nydeleg sagt.
    Og fint bilde.

    God søndag.

    SvarSlett
  3. Vakkert i ord og bilete!

    Fin ny veke :-)

    SvarSlett