tirsdag 10. februar 2015

Stadfaste små



så lite som flyttar seg,
så korte avstandar –

dette elektronet
som dyttar og vert dytta
framover – vi skal same vegen –
går si ferd til endes,
sine millimeter av den store planen
og i andre enden gnistrar
lyspærer, panelomnar, kjøleskap –
store underfulle ting
det vesle elektronet aldri vil få sjå,
for snart går det fram
snart tilbake
og staden vi finn det att – om hundre år
er den same som sist…

for slik er det med dei små
her i verda,
så einsarta opphald på denne tidslinja
så korte avstandar i geografien
- knapt merkbart på nokon skala

ein kan seie
meiningslaust, tåpeleg bortkasta
tilvære i ei bakevje, poenglaust
og tomt –

men utan, ja minus
desse stadfaste små
ville lysa slokna
og verda blitt kald
og kven ville då ytra seg, påstå
at små rørsler er utan verdi –


9 kommentarer:

  1. Det spørs det :)
    Elektronene er vi avhengige av.
    Flott bilde og fin tekst.
    Mormor

    http://www.starbear.no/mormor/2015/02/11/energirik-sier-onsdagstema/

    SvarSlett
  2. Även i det lilla kan de ske stora ting! :)

    SvarSlett
  3. Viktig energi som vi är så beroende av. Fin bild på något enkelt.

    SvarSlett
  4. Such a common sight and still, visually interesting.

    SvarSlett
  5. I like this picture !
    Great shot.
    I come visiting you fro Weekend in B/W.
    ♥ly greetings from germany

    SvarSlett
  6. I love how you took something "ordinary" and composed a lovely shot!

    SvarSlett