torsdag 5. februar 2015

Gleda over mangfald



har du nokon gong gått i
ein skog med identiske tre –

har du vandra gjennom ei eng
og tenkt, som eit ynskje
at alle blomar skein med same glans,
at alle var like høge, like runde
like strålande i si prakt

har du reist frå heimstaden,
køyrt gjennom framande grender
og tenkt – i oppriktig frustrasjon
at her burde alt vore som heime,
alle hus burde vore raude som mitt
alle gater burde vende mot aust
og alle hagar ha nøyaktig fjorten epletre –

har du lagt deg
etter ein regnfull, hustrig vinterdag
og drøymt dine mjuke draumar
om ein morgondag heilt lik
identisk til siste sekund

at ingenting nytt skal opptre –


2 kommentarer: