tirsdag 3. februar 2015

Eg er eit monument


ein gong sett her, planta
fordi nokon ville det

ein gong villa, skapt
som ein del av ein større tanke

plassert, normalt mot jordskorpa
som eit levande bevis - eit manifest

ser du skuggen eg kastar?
den vitnar om noko større - utanfor

og skuggen som dekkjer meg?
at det er nokon som vil meg vel

nokon som seier at eg er eit monument
sett, skapt, plassert, villa, elska -

ser du dropar av blod langs vegen?
det er leielysa - 

monumentet skal flyttast
dit opphavet for alle monument får æra -



(onsdagstema)

5 kommentarer:

  1. Vacker tolkning av temat :) Skönt fritänk!

    SvarSlett
  2. Som alltid kombinerer du tekst og bilde på en ypperlig måte.
    Ha en fin kveld.
    Mormo

    http://www.starbear.no/mormor/2015/02/04/onsdag-tema-og-minnesmarkt/

    SvarSlett