torsdag 12. februar 2015

Det fell snø


det fell snø i einsemd
i den store skogen

blant stilleteiande tre
legg dei seg til ro

kviskrar sine fredelege songar
lært i fall mellom himmel og jord

dekkjer kvar sine millimeter
som eit nyvaska teppe -

dei som fall i einsemd
deler fellesskap i den kvite flokken


1 kommentar:

  1. Nydeleg!
    Himmelsk korrekturlakk som Anne Grete Preus syng om...

    SvarSlett