søndag 4. januar 2015

Vinterlandskap #2




to varme tankar vart borte
som harar som rømde for rev,
under dei iskalde fjella
dei flaug bort i luftige svev

ein sti går innover skogen
du går den med snømjuke steg
prøver å nærme deg, lydlaust
dei orda som rømde sin veg

1 kommentar: