søndag 11. januar 2015

Spor


kor usikkert eit val av materiale,
ei visse om det forgjengelege -

her stod eg, ei stund
før snøen smelta og spora forsvann

og så
ikkje meir å finne

hadde eg kunne trampa mine spor i stein,
kunne prenta mine initialar i stjernene

til kva nytte?
kven ville tene på det?

eg må trakke over meir solid og bestandig grunn,
for eksempel eit hjarte -



(Søndagstema i farge og s/k)

2 kommentarer:

  1. Fint skrive om spor i snø.
    Har eitf fint minne om ein mann som eg kjøpte noko av..
    Då eg ville betale sa han:
    " eg skriv det på snøen...."

    God ny veke !

    SvarSlett
  2. Fint val med spår i snön, inte så stor skillnad på bilderna.

    SvarSlett