tirsdag 13. januar 2015

Slik skal vi skine


det er mørket utanfor
eller mørket innanfor
        det som pressar mot hjartet
og det er alt ein mur -

nokon tenner flammen
eit stikk frå ei varmekjelde
        på grensa
til det uforståelege

eit ord, og mørket flyr
som eit blaff mot det evige
        og tidslinja knekk
det er enden, og starten 

for alt som kjem etter
ser vi refleksjonen av no
         som skuggar på hjarteveggen
eit glimt før det verkelege trer inn
 


7 kommentarer:

  1. Ljusen, orden... så vackert, en kombination som skapar trygghet.

    SvarSlett
  2. fastnade för detta "som skuggar på hjarteveggen" :)

    SvarSlett
  3. Nydelig. Det er godt å møte ordene og bildene dine.
    Ha en fin dag.
    Mormor

    http://www.starbear.no/mormor/2015/01/16/menneske-har-skapt/

    SvarSlett