lørdag 17. januar 2015

Røysta


eg høyrde røysta
som tore over fjella
og fall på kne

- var det meint for meg
eller nokon andre,
eg ser meg om til alle kantar

barbeint lyfta eg blikket
mot dei veldige himlane
og kjende strålane frå morgonsola

dei gjennombora hjarta
og reiv ned alle forsvarsverk
til eg stod naken tilbake

det er her du skal starte
like tomhendt som ved enden
og alt som er imellom -

skal eg sørgje for

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar