torsdag 15. januar 2015

Puste


å kor det veltar fram -
det er som sjølve jorda
pustar i avmakt, resignasjon
over alt det tapte
- det ustyrlege, svake
som røyk frå eit utent bål

og mennesket svevar høgt over
som ein inspisient ser sitt verk
falde seg ut, frå første akt
og vidare, alltid vidare
utan tanke på teppefall eller punktum
i eit manus han knapt ofrar eit blikk

for det er effektiviteten som tel,
dansen gjennom sekund etter sekund
mot eit verk så høgt
at det strekk seg gjennom skyene
og landar, regnbogelangt unna
i ei anna verd - den nye verda
mennesket ser når det let att auga og drøymer -

for å kor det veltar fram,
denne pusten frå punkterte lunger
mot stjernehimmelen langt der oppe
- og menneska fyk vidare
alltid vidare på sine draumar, innfall
så store og glasaktige
at dei til slutt fyller jorda

og endå er han ikkje fornøgd,
endå er det ein pust
for mykje -



2 kommentarer: