mandag 19. januar 2015

Det andre


det er tunge konstruksjonar
og kviler med all si vekt
på vår skuld
og våre feilgrep

det er lange strekk
over alt det vi skulle gjort
men aldri rakk
- fordi vi ikkje ville

det er mørke skuggar
ved avtrykka
etter tida vi har brukt
på alle no forkasta tankar

ja, alt er brukt, 
alt er borte - ikkje noko er att
av våre draumar
og det vi samla i tomme hender

men...

om konstruksjonane smuldrar
            er det vekta som lettar
om hendene er tomme
            vert skuggane færre

og berre det andre står att
det andre -
det vi aldri tenkte, aldri greip,
det som no er einaste brua over -



8 kommentarer:

  1. Gode refleksjonar.
    Ein kan spørje seg ... ikkje berre godt å tenkje på, kva har eg brukt tida, og livet på...

    Fin tysdag frå Anne-Mari

    SvarSlett
  2. Amazing photos. I especially like the reflection. Does get me thinking.

    SvarSlett
  3. En förträfflig tolkning av temat. Gillar fotot skarpt

    SvarSlett
  4. Vilka läckra bilder, särskilt den andra, speglingen!

    SvarSlett
  5. Lovely shot, great reflection

    Mollyxxx

    SvarSlett
  6. This is a great bridge! And I also like the reflection, too! Nice shots!

    SvarSlett