onsdag 31. desember 2014

Det som endar




songen går mot siste strofa,
ein tone som svinn
- eit stjerneskot
over fjerne fjell

snart er songen over
og stilla senkar seg
som eit mørke
der musikken var

men så, bak dette mørke
som ein spirande blome
stig neste tone fram,
ein ny song er i emning –

tirsdag 30. desember 2014

At the dawn of a new day


horizons
outlined 
against our eyes

the cold
the light -
a fusion between both

the dawning
of a new day,
a new year

and everything
is open -

søndag 28. desember 2014

Skjult


så mange år
bak framande murar

kalenderen fastlåst
klokka stoppa

verda sett i pausemodus,
endå kloden fortset å snurre -

menneska vert utflytande strekar,
som overeksponerte lys i natta

og eg er skjult,
eit problem bak ein mur

endå hjartet slår
og livsgnisten flammar

endå lengten mot fridom
er stor som aldri før

-

eg ropar alt lungene kan bere,
eit ekko er svaret eg får -




#bak murar

Vi må aldri gløyme alle dei som akkurat no sit fengsla utan lov og dom, skjulte for verda, forsøkt knebla og fjerna frå samfunnsdebatten. Vi må aldri gløyme dei vi ikkje lenger kan sjå - vi må ikkje la udemokatiske, valdelege krefter vinne. Vi må ikkje la dei som undertrykkjer andre gå av med sigeren. Korleis vi kan kjempe mot dei, er ei anna sak, men å ikkje gløyme er ein viktig start.

Julekjensla



kjensla av å stå i ro
på bar mark,
snøen lavar, mørket pressar
kulda gjennom kleda

let oss falle
inn i noko vi ikkje kjenner,
noko vi fryktar, noko som frys
siste rest av håp til is

og så, då
i det auga gir etter
og hjartet krasjar inn
i verda

kjem eit lysglimt
frå ein annan røyndom,
verkelegare enn alt
vi kjenner frå før

som brennande metall
mot lenker og åk,
smeltar vekk frykta,
let håpet ut frå sitt fengsel

og så, då
den nye songen
fridomssongen
stig – frå løyste strupar!




(Søndagstema i svart/kvitt og farge)

torsdag 25. desember 2014

Det stig ei sol





så står sola opp
over eit landskap
prega av søvn –

vi har vandra
gjennom natta,
sett konturane av verda

no lyfter vi blikka
skiftar fokus,
det veks ei sol bak horisonten;

og skiftar fokus;
alt dette grå og mørke
vert så uviktig med eitt

for det står ei sol
som ein brennande fakkel
over våre liv

onsdag 24. desember 2014

Det stig ein song





det stig ein song
i Marias hjarte
Halleluja!
ein himmelsong
med tonar bjarte
Halleluja!

det stig eit kor
med himmelsk lyd
Halleluja!
eit englekor
frå nord til syd
Halleluja!

der ligg eit barn
inni ein stall
Halleluja!
eit lite barn
med himmelsk kall
Halleluja!

i denne natt
vert verda ny
Halleluja!
velsigna natt
for land og by
Halleluja!