fredag 28. november 2014

Det står eit tre




det står eit tre
med tomme greiner,
strekk sine sprikande fingrar
mot ein himmel
høgt der oppe

det står eit tre
med tause tankar,
let røtene kvile
i trygg visse
om våren som kjem

det står eit tre
med stumme ord,
det er ikkje meir å seie
enn det vi
allereie veit –

det står eit tre
med tomme greiner,
ein dag kjem sola att
med liv
til tørre årer


onsdag 26. november 2014

Elastikk



det er som
ei levande bru,
flytande høgt
over djupa

det er som
elastiske band
strekk seg
tvers over fjorden

det er som
ein utstrekt arm
hentar oss
over til andre sida



tirsdag 25. november 2014

Perspektiv




vi stiller opp vårt eige
framfor det høge

bøyer kne for det
og endrar perspektivet

til vi verkeleg trur
at vårt eige når lengst


lørdag 22. november 2014

Glede



det er ei glede i verda;
å danse saman
under open himmel,
kjenne kjærlege armar
når regnet auser




det er ei glede i verda;
synge glade songar,
kjenne varmen
frå lukkelege menneske
i fellesskap





det er ei glede i verda;
oppdage, at medan du går
på kjente vegar
kan det likevel dukke opp noko nytt
rundt neste sving –


(Fototriss)