fredag 31. oktober 2014

Traktordikt


I haustkvelden
skriv traktoren dikt
om lyden hjula lagar
mot solvarm asfalt


torsdag 30. oktober 2014

Eg er eit vindauge


Eg er eit vindauge
står her
med mine blanke
kalde flater

du er utsikta,
fyller det heile
med meining

onsdag 29. oktober 2014

På reise



vi er alltid mellom
før og snart,
ein stad på den lange tråden
som er trekt
frå skaping til undergang
og våre eigne bitar,
som små gen
på det enorme kromosomet,
utgjer ei forteljing
så stor
at berre den som til slutt kan
vikle opp tråden
vil forstå
heilskapen

sjølve er vi på reise
frå før til snart,
og skriv med det
vår eigen vesle bit, og er
per no
vel fornøgd med det –



Kveldsblues





tidleg kveld                                                          early dusk
ei natt i emning                                                   a night's approaching

huset sukkar                                                        the house sighs
skriv eit dikt                                                         writes a poem

om tussmørke,                                                    about the darkest dark,
skumle draumar                                                 frightening dreams

og om lyset                                                          and about the light
i andre enden                                                      at the other side

(for blått og gult vert grønt                              (blue and yellow
og håpet skal ein hegne om)                             becomes green,
                                                                                and one must keep sight
                                                                                of hope)



tirsdag 28. oktober 2014

27. oktober 2014




kor vart
27. oktober 2014 av,
kor er sekunda, minutta,
timane eg venta på
i spenning
(eller, i det minste i forventing
om tid til søvn og arbeid
og leik med borna
og kos og lesing,
tid til alt det som kan fylle
ein måndag
i oktober)
og no er dei borte,
tapt for alltid,
som brente hus,
steinar senka i havet
eit stjerneskot i natta
og dagen er over –

kor vart det av tida
eller
endå meir:
kva brukte eg den til?

mandag 27. oktober 2014

Vitet



det når ikkje så langt,
knapt utanfor
dei to permane
som utgjer mine grenser;
eg er ei bok,
fylt med skriblerier og minne,
flytande kjensler på ukjente hav,
ord på rekke, tal på geledd

uklare refleksjonar
av alt eg har sett

og ein søkemotor
med hyppige treff på
dei meiningslause, tomme orda,
dei eg prøver
å stue vekk
på siste side