tirsdag 30. september 2014

Romleg katedral





eit sus
av vengjeslag
over stille vatn

ein kjent lyd –
liknar varme tankar
frå dine eigne draumar;

kroppen er ikkje lenger
eit stengsel
du bur i

men ein katedral
med opne vindauge
mot Gud




 

Der hjartet bur



det er eit stille rom
der hjartet bur,
eit rom med luft
og plass til frie svev
over dei store djupa




for noko kviler
mellom veggane,
noko leiar vidare
lenger inn
for kvar dag
- eg kjenner meg sjølv;
eg veit der er noko
eg aldri vil vite





det er eit einsamt rom
der hjartet bur,
eit rom bygd for
frie val
- dei eg må gjere
i meg sjølv,
konturane
av ein skuggefull hage
i sjela



lørdag 27. september 2014

Bruer mellom



1
ein stad å kvile
auga, feste
mot horisonten

lyfte ein tommel,
få ein att
frå styrmannen

og heise segla
når vinden tek;
dette er ei bru i rørsle




2
her vandrar ei samling
molekyl
frå dør til dør

over golvet
mot vindauget,
ser utover byen;

eg held dykk samla,
og de ber meg
- over dette vatnet





3

kjenne at det finst
sterkare vindar
enn luft i rørsle

gynge over avgrunnen
og kjenne seg trygg;
det er stødige konstruksjonar

kjenne at smidige molekyl
er mindre enn det
som held meg oppe