lørdag 30. august 2014

3 på rad



Grensebyggarar

det var vi som felte trea
kaldblodig ein vinter
og høvla dei til
med nykvessa knivar
i stille takt til rytmen
av vårt eige sinne

det var vi som laga pålar
med målretta tankar
og stabla dei opp
på vår eigen rygg,
bar dei i trass, medvite
til dei ytste grensene
av vårt eige audeland

det var vi som slo dei ned
til rytmen av vår eigen puls,
bygde grenser, skiljelinjer
og kvilte hendene mot låra
pusta ut, tilfreds
i vårt eige innestengde rike;
ingen kjensler kjem vidare her




Fraksjonar

det er ikkje vi som eig verda,
men vi trur visst –

at alt kan delast i fraksjonar
tilpassa våre ulike behov

at alt ligg på sine hyller,
det er berre å hente –

at tankane er så frie
dei styrer kloderotasjonen

og let oss sjølv krone
til kongar

over eit kongerike bygd
på draumar og barnlege fantasiar

at vårt eige liv er ein fraksjon
der investeringar kan sikre oss mot døden –
 




Stille liv

samlebandlivet rullar
på veg inn i fabrikken
til våre faste plassar, faste
verktøy, tankar og draumar om

samlebandlivet som glir roleg forbi
utan dramatiske skjelv
eller snubletrådar, vi går
der vi alltid har gått, i eit

samlebandliv, frå starten
til enden, rutinemessig og stødig
som klokker, eit urverk i rørsle
og vi er kvar våre hjul i

samlebandlivet, ei rekke
frå dagen startar til sola går ned
og vi tuslar stille ut døra
kvar for oss



fredag 29. august 2014

Handa og hjartet og auga




det kvilar ei hand
imot fjøresteinen,
der sit det ein –
han lyttar
mot bylgjer som rasar der ute

ein hammar kan banke
eit hjarte kan slå
men aldri kan auga få ro
hos den som ventar i frykt –

og handa grip hardt
om fjøresteinen,
ei visse er tent
- alt kan falle, forsvinne i mørket

han lyttar
mot bylgjer som rasar der ute;
hammaren slår

og hjartet finn ro
medan auga… dei leitar
i natta