mandag 30. juni 2014

Ei reise heim #5



Mitt landskap flyt
som ein flåte
på eit uendeleg hav

der ute er det kvilestader,
le for vind, le for regn
holmar og øyer som vinkar meg nære

og båten min flyt framover,
min skjøre farkost er i rute

eg kan unne meg eit smil
ved synet av desse mine vener

søndag 29. juni 2014

Ei reise heim #4



Somme dagar
har ein farge av lukke,
ein eim av ro og fred
tider som ikkje vil komme
ikkje vil gå

somme dagar
berre er eg her,
skvalpar i sjøen
med blikket mot ein horisont
som verkar klarare enn nokon gong

og trass i vissa
om stormar som kjem
villande tåke
og trugande sjøar,
kan eg kvile her

kan eg lytte til stilla
utan angst

lørdag 28. juni 2014

Ei reise heim #3




Vegen bak ligg open,
eg ser kor eg kjem frå
kva som har hendt
kor eg har vore –

vegen framover
lokkar med sitt mystiske
skjær av noko uverkeleg,
eit slør eg må dra til side
dag for dag

torsdag 26. juni 2014

Ei reise heim #1




Ingen veit
kor vegen ber av,
ingen veit
kva som møter

berre den som kan stige utanfor
båt og sjø, øyer og horisontar
og teikne linjer over jorda
med ein finger