lørdag 31. mai 2014

Hovudet over vatnet #5




på andre sida av fjorden
om det vert bylgjer eller stilt,
om du køyrer på skjær etter skjær
eller kan cruise inn
på ei tidevassbølgje,
om det vert mange stopp
reparasjonar
og kartorienteringar,
eller om du finn vegen open
og lett å fylgje,
og motoren durar
som eit velsmurt maskineri –

på andre sida av fjorden
er vi alle like
og parkerer på den same stranda
og vert møtt
av dei same opne armane
det same varme hjartet
det same opne smilet

du må berre passe på
å halde hovudet over vatnet
å halde blikket festa på målet
å komme deg over
å gå i land –

Hovudet over vatnet #4




i dag
er hovudet
over vatnet

om litt
kjem resten
av kroppen

snart
er vi samla
til eit heile

den dagen
kan vi juble
frå hjartet

etter det
skal eg aldri
snu meg tilbake

Hovudet over vatnet #3




treet kviler
sine trøytte røter
i nyvaska mold,
drikk alt det kan
av det ferske vatnet
etter ei natt
under tunge skyer

det tyngste
og hardaste slaget
er kvar dag å måtte sjå
utover ei utømmeleg kjelde

som ein aldri vil nå
aldri får bli ein del av

Hovudet over vatnet #2



ein skimrande tråd,
glinsande edelsteinar
knapt synlege over horisonten
viser veg mot framande kystar,
eit håp i stormen
ei berging for oss
med lekke båtar
og ausekar som fingerbøl,
vi som ror til musklane stivnar
og aldri kan kvile,
om det så er spegelblank sjø

no blenkjer det, skin
som tusen usynlege lanterner
viser veg mot ein heimleg kyst


fredag 30. mai 2014

Hovudet over vatnet #1




det går ei bru
over avgrunnen,
over dei grenselause djupnene
som trugar med å sluke
alt
utan skånsel, utan kjærleik,
eit svelg, ein umetteleg munn –

no stoppa
av ei bru – frå her eg står
til dit eg skal