søndag 30. mars 2014

Mot vår på fjellet


Snøkappa ligg endå fast
og omsluttar høgfjellet
med si kalde tyngde,
strekkjer seg rundt trea, rundt steinane
over bekkar og vegar
usynlege stiar under isen -
men noko vil breste
noko er i ferd med å gje etter
- det er smeltehol
rundt stammane, greinene
skrapar over roten snø,
snart vil alt kollapse, vatnet vil sile
og knoppar vil sprette
der det no er livlaust og dødt,
snart vil snøkappa bli trekt vekk
og avduke våren for fjella


(Måndagstema)

lørdag 29. mars 2014

Spekulasjonar


eg ser berre toppen av båten,
men reknar som gitt at den har skrog,
eg ser berre master og dekk
men forstår
at under der, ein stad
er det vatn
- men det er berre spekulasjonar

kven kan vite?
og kor stort? veit ikkje
men det er der nok
og kanskje er vatnet endå større,
kanskje rekk det lenger
enn mine tankar

spekulasjonar…
eg ser berre toppen av ein båt
og ikkje noko meir –


torsdag 27. mars 2014

Trøytt




du er trøytt no
trøytt av å bli trakka på
trøytt av å ikkje kunne gjere  noko
med det
sidan det er du sjølv som trakkar –
og du trakkar mykje hardare
enn nokon annan ville gjort

du er trøytt no
det er ikkje vanskeleg å sjå,
du slår blikket ned
når eg treff deg i gata
torer ikkje møte blikket mitt, av frykt
for å høyre
det di eiga stemme ville sagt

du er så trøytt, så sliten
av all smerten
du påfører deg sjølv,
så trøytt av å bli sparka
når du ligg nede
så trøytt av å sjå
dine eigne fotspor
i ditt hardpakka indre landskap

du er trøytt no,
å, eg ber deg min venn
løft blikket;
slutt å slå nye sår
på deg sjølv
ta imot hendene vi rekker
mot deg

for du er trøytt no
og vi ser det
men du lest som du er aleine,
du lest som verda står med ryggen til –
og alt vi ser
er ryggen din 


onsdag 26. mars 2014

Kveld




eg set meg ned
let mine varme hender, varme ansikt
kvile, med ryggen mot veggen
- alle lydar er dempa no
alle handlingar får eit skjær
av noko uverkeleg over seg,
det er som ingenting har hendt
det er som dagen viskar alt ut
gjer seg klar til å gløyme det som var

i morgon kjem nye sjansar
i kveld er det endå ei æve fram
til nye planar må leggjast

eg set meg ned
kviler ryggen mot veggen
let auga henge stille over fjorden

glir i eitt med natta

Morgon




det er stille morgon
endå er dagen ubrukt, tom
fuglane søv, fjorden søv, båtane søv
eg er vaken
kroppen er doggfrisk
luktar kaffi, egg, vått graset
luktar bjørk, luktar vår

det er stille morgon
hjartet bankar sakte
mot ny dag

tirsdag 25. mars 2014

Good Random Fun v. 12




Taste

I’ve got a hunger for life
no food can satisfy,
no fun can fulfill, no possession
can complete

I’ve got a hunger for life
but the real
the clean
the life that never dies –
 



New life

new life arises
from the ashes of last summer,
covered by the white clean sheets
of winter –

beyond the death, beyond
the heavy sleep, beyond the silence
new life arises
bones restored –
a new breath now resides this body
and this time stay for ever





Children

they’re a gift, a blessing
given undeserved,
a loan of enormous value
to the lucky man, the lucky woman
surrounding the little body
with loving care and eyes
reflecting living gold,
praying they will be found good
enough
managing the task of nurturing
Gods ever growing flower bed!




(Good Random Fun)