fredag 28. februar 2014

Møte


Under andre omstende
ville dette vore eit møte i frykt,
eit møte under mørke skuggar
med skjulte auge og øyre
og flakkande blikk,
usikre steg, under andre omstende
ville du kunne sjå våpen, ikkje syklar,
uniformer, ikkje kvardagsklede,
vaksne born, ikkje born
i ferd med å trå inn i den vaksne verda,
og dei ville snakka om
heilt andre ting, under andre
omstende, kanskje noko med død
eller slokna håp for ein morgondag
som ingen har tru på vil komme –

Dette er heldigvis ikkje andre omstende

(the weekend in black and white)

torsdag 27. februar 2014

Ordspor




Ordspor i sanden
Leier meg til deg

Først eit ord
Og så ein setning

Til slutt ei heil forteljing
Om deg og meg

mandag 24. februar 2014

Det er noko...


Det er noko
med desse små vekstane,
desse som du aldri ser
fordi dei er så små, så beskjedne
og stille og skjulte i verd
der alt er så smått

Det er noko med desse små
vekstane, desse som veks i det stille
utan at nokon ser, utan at nokon høyrer
eller klappar i hendene
og jublar over det dei får til

Det er noko med desse
små små venene, våre naboar
som aldri vert besøkt, aldri bankar på
aldri ropar etter deg på vegen -

Det er noko
med desse - viss du bøyer deg ned,
vågar deg ut av det vante
og ned på eit anna plan - vil du sjå,
det er noko med dei...

søndag 23. februar 2014

Spor

(Fototriss)



1
Fastlåst i mørket
På veg mot fridom
- verda greip tak
som eit hylster i vakuum
på veg mot noko større

Herifrå –
er det berre å vente
på betre tider

Vere spor av håp i mørket




2
Fastlåst i lyset
På veg mot fridom
- verda slapp taket
som i ein heliumballong
med kutta snor

Vi manglar bakkekontakt –
Dregne mellom utrulege høgder
og eit fall som vert verre
dess høgare opp vi kjem

Vere spor av redsle i lyset




3
Fastlåst i tanken
På veg mot fridom
- verda nektar å sleppe,
nektar å gje slepp,
så vi tek det vi kan
særleg det vi aldri kan få

Herifrå,
heile vegen gjennom er vi
uovervinnelege –

Og likevel dømt til å tape,
berre spora står att, som vitne