lørdag 20. desember 2014

Puslespel





det er nokon
som legg puslespel
med brikker
av organisk
materiale

det er nokon
som leitar og finn
i natta
sine brikker
på tapte
stader

det er nokon
som med iver
står og ropar
ut
i natta:
kom heim
frå ville vegar
kom heim
frå tapte fjell

det er nokon
som legg puslespel
med smerte
aldri godtar
tause fråvær
tomme rom –

1 kommentar:

  1. Hei Englepappa, jeg synes det er så fint at du skriver dikt. Fine bilder lager du også. Fortsett med det. Mange gode tanker til deg!

    SvarSlett