lørdag 6. desember 2014

Med manual





kven kunne tenkt ut dette
på førehand,
sett for seg
at det var slik
ja, nettopp slik
det måtte vere –

kven kunne ane dette
utan manualar
teikna i klarskrift
tenkt at dette
ja, nettopp dette
var det luraste å gjere –

og så skjedde det slik
og det er lett å tenkje
 – i ettertid
at denne måten
ja, nettopp denne
var den beste –

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar