mandag 1. desember 2014

Male kvitt





det starta som ein flekk
ei misfarging
midt i alt det kvite

så breidde det seg utover
heile flata
vart kaotisk og mørk;

du startar på same flekken
finn fram pensel
og kvitmaling

legg på strøk på strøk
ofrar alt
for å farge alt kvitt att

2 kommentarer: