lørdag 13. desember 2014

Lyspunkt






lysdagar
midt i mørket,
lyspunkt som lyser
frå ukjente avstandar
langt der ute, i universet
vi er ein del av, finst det ein vilje
ein skapar, med nytt liv i tankane
for fangar, fridom for slavar, glede for
dei sorgfulle, utfriing for dei bundne, lys
for alle dei som vandrar i sitt eige mørke, eller
lever som undertrykte trellar under framande åk, og vi
tenner lysa, ropar våre fridomsrop, for kongen, vår utfriar
kjem til oss som eit lyspunkt i mørket, eit barn i ein stall, vandrar
ein veg berre han kan gå og vi må følgje etter, med tente lys – og håp


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar