mandag 22. desember 2014

Lengt møter lengt





eit sukk
fylt av lengt
stig frå jorda,
frå hundreårs slit
over arbeid
og sorg
som går djupare inn
enn det djupaste
hav

eit sukk
fylt av lengt
stig mot stjernene opp,
frå dei hundre millionar
sveltande kroppar,
tørste på kjærleik
og fred

eit sukk
fylt av lengt
stig frå himmelen inn
i vår verd,
eit barn opnar auga
vår Gud allting ser,
og møter vår lengt med
seg sjølv

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar