tirsdag 2. desember 2014

Kongekappa





eg kneler ved krubba
legg av meg
kongekappa
(du veit det er ei maske
av støv
etter vegane eg har gått)
og opnar gåveøskja
- legg av lokket, rekkjer den fram
sjølv om eg ser
der berre er ting
ingen eigentleg vil ha –

men du rekkjer fram
to uskuldige hender,
lyfter fram hatet, mismotet,
sladder og misunning,
ukjærlege tankar
likesæla og lysta til synd –
lyfter det fram, alt
og legg det vekk, i mørket

og fyller gåveøskja opp
med nye gåver –

sender meg ut
frå stallen,
ber meg dele gåvene
langs vegane
eg må gå

så sveipar du deg
i kongekappa mi,
og eg kan gå lukkeleg ut
i dagen

4 kommentarer: